|
|
Siste fra leder
|
 |
|
Trond Hodne - nyvalgt leder i Tu skulekorps!
|
|
|
|
|
Øvinger
|
 |
|
Organisering for sesongen 2011/ 12
Kvar torsdag er det fellesøvingar. Juniorkorpset kl 18.00- 18.45 Hovedkorpset kl 18.00- 20.00
På fellesøvingane arbeider me på ulike musikkstykke i lag. Rolv PuntervolI er dirigent for junior- og Bjørg Line Furland for hovedkorpset. I pausane kan musikantane prate, ha ballspel eller andre felles aktivitetar. Inger Marie Braut er aspirantleiar, ho hjelper til der det trengst.
Aspirantane I år starta det 13 aspiranter. Det er en fin gjeng. Alle har fått utdelt instrument og har starta opp med sin lærar. Planen er at dei skal ha fellesøving etter jul.
Bolletorsdag Den siste torsdagen i månaden har me minikonsert og boller for alle frå kl 18.45- 19.15. Foreldre/ føresette, søsken, besteforeldre... er velkomne innom for ein kaffikopp.
Klubbar: møtest ein gong i måanaden til kveldsmat hos ein av musikantane
Saftå: 6 trinn
Brusen: 7.trinn
Sjokolademelkå: 8. trinn
Frokostjuicen: 9.trinn og oppover
Gruppe- og fellesøvingar
Det å vera med i eit korps medfører ein del øving. Dette er nødvendig for å kunna spela saman og ha det kjekt. Jo flinkare ein vert på instrumentet sitt, jo gildare er det.
Me har i periodar Spelediagram. Alle som får fullt diagram er med i trekninga av overraskelsar.
Alle musikantane får tilbod om ei individuell øving i veka saman med en instruktør/ lærar. Det kan vera aleine eller i små grupper på to eller tre. Der blir det øvd inn noter, grep, rytme osv. Kvar øving får ein lekse til neste gong. Sjå i øvings/lekseboka!
Alle undervisning blir gitt på Tu skule. Instruktørane for sesongen 11/ 12 er:
- Tone Omdal (klarinett, saksofon)
- Rolv Puntervoll (kornett, althorn, baryton)
- Linda Mattson (kornett, althorn, trombone, baryton, tuba) , permisjon
- Michelle Lindboe (trombone)
- Mario Serna Sjogreen (walthorn)
- Bjørg Line Furland (fløyte)
- Thomas Kopperstad (slagverk)
Kor tid dei ulike instruktørane underviser finn under Øvinger> øvingstider Der finn du og telefonnummer. Hugs å gje melding om du ikkje kan koma på øving!
|
|
|
|
|
Siste fra dirigent
|
 |
|
Når 1 + 1 = 3
”Det er ikke alltid gøy å øve. Hvis noen sier noe annet, så lyver de… Det er i alle fall min mening. Men vi må øve for å bli flinkere, og når vi får det til, er det gøy. Dermed blir svaret på regnestykket at det er gøy å øve. Jeg har sagt dette før, og jeg kommer til å si det igjen”
Dette sitatet er henta frå bloggen til Tine Thing Helseth (24), ei av Noregs fremste trompetspelarar. Det er ikkje alltid like fristane å pakka opp instrumentet etter ein lang dag på skulen. Mange er slitne og skulen serverer ein god porsjon lekse etter endt ”arbeidsdag”. Det er lett å tenkja at det beste hadde vore å bare kopla heilt av. Men kva med å bruke musikken til å kopla av; bruke spelinga til å gjera noko heilt anna enn det ein gjer heile dagen? Og viss det er kjedelig og einsamt så kvifor ikkje gjera det saman med nokon?Du kan avtale med ein venn og treffast for å spela ilag. Det går og an å laga ein trio, eit ensemble eller band. Finn noko de har lyst til å spela og ha det gildt ilag.
Reknestykket over fortel oss noko om å spela kvarandre gode. Det å oppleva at ein saman kan få til meir enn ein gjer aleine. Kjenna på gleda av å gjer noko ilag, møta kvarandre der ein er og ha eit oppriktig ønske om å løfta andre fram. Då handlar det ikkje om konkurranse og kven som er best, men kor gode me kan bli ilag. For å få dette til må alle kjenna seg trygge på at dei er ønska og verta aksepterte for den dei er med sterke og svake sider. Utfordringa mi som dirigent er å skapa denne atmosfæren, sjå den enkelte og samstundes stilla krav om innsats og disiplin.
Eg har nå arbeidd 7 år med korpset og er veldig takknemleg for alle dei ungane som har funne vegen til oss. Utan dokke har me ikkje noko korps på Tu. De har eit godt miljø med gode venner. De har igjen vist at innsats og øving gjer resultat: Seier i Stavanger open, flotte konsertar til jul og 17. mai og sist, men ikkje minst 1. pris for stiligaste innslag i folketoget på Bryne. Det viser at: Ein må yta for å nyta! Vidare må eg få takka alle foreldre som har lagt ned mykje arbeid i drifta av korpset så eg kan konsentrera meg om musikken. Mange oppgåver skal fyllast for å få det til å sviva; planlegging, baking, sying, sal, rydding, fotografering, skriving, filming, kjøring og mykje meir. Engasjementet dokkas gjer eit signal til ungane om at korpset er noko det er verd å bruka tida på, eit miljø det er kjekt å vera ein del av.
Planlegginga for neste år er i full gang. Korpset skal delta i underholdningskonkurransen Stavanger open i november. KM for skulekorps våren 2012 er eit anna mål. Vidare har styret og turkomiteen lova oss utanlandstur, så me ventar i spenning! Eg ser fram til eit nytt korpsår med Tu skulekorps!
Helsing frå Bjørg
|
|
|
|
Sponsorer
|
 |
|
|
|
|