Søk  
22. februar 2012 ..:: Skjemaer ::..   Logg inn
 Siste fra leder Minimer

 
Trond Hodne - nyvalgt leder i Tu skulekorps!


      

 Skjemaer Minimer
 TittelEierKategoriSist oppdatertStørrelse (KB) 
Logo farge Tu skulekorpsTrykksaker26.03.2008 16,63 Last ned
Logo svart/hvitt Tu skulekorpsTrykksaker26.03.2008 16,63 Last ned

      

 Siste fra dirigent Minimer

 

Når 1 + 1 = 3

”Det er ikke alltid gøy å øve. Hvis noen sier noe annet, så lyver de… Det er i alle fall min mening. Men vi må øve for å bli flinkere, og når vi får det til, er det gøy. Dermed blir svaret på regnestykket at det er gøy å øve. Jeg har sagt dette før, og jeg kommer til å si det igjen”

Dette sitatet er henta frå bloggen til Tine Thing Helseth (24), ei av Noregs fremste trompetspelarar.
Det er ikkje alltid like fristane å pakka opp instrumentet etter ein lang dag på skulen. Mange er slitne og skulen serverer ein god porsjon lekse etter endt ”arbeidsdag”. Det er lett å tenkja at det beste hadde vore å bare kopla heilt av. Men kva med å bruke musikken til å kopla av; bruke spelinga til å gjera noko heilt anna enn det ein gjer heile dagen?
Og viss det er kjedelig og einsamt så kvifor ikkje gjera det saman med nokon?Du kan avtale med ein venn og treffast for å spela ilag. Det går og an å laga ein trio, eit ensemble eller band. Finn noko de har lyst til å spela og ha det gildt ilag.

Reknestykket over fortel oss noko om å spela kvarandre gode. Det å oppleva at ein saman kan få til meir enn ein gjer aleine. Kjenna på gleda av å gjer noko ilag, møta kvarandre der ein er og ha eit oppriktig ønske om å løfta andre fram. Då handlar det ikkje om konkurranse og kven som er best, men kor gode me kan bli ilag. For å få dette til må alle kjenna seg trygge på at dei er ønska og verta aksepterte for den dei er med sterke og svake sider. Utfordringa mi som dirigent er å skapa denne atmosfæren, sjå den enkelte og samstundes stilla krav om innsats og disiplin.

Eg har nå arbeidd 7 år med korpset og er veldig takknemleg for alle dei ungane som har funne vegen til oss. Utan dokke har me ikkje noko korps på Tu. De har eit godt miljø med gode venner. De har igjen vist at innsats og øving gjer resultat: Seier i Stavanger open, flotte konsertar til jul og 17. mai og sist, men ikkje minst 1. pris for stiligaste innslag i folketoget på Bryne. Det viser at: Ein må yta for å nyta!
Vidare må eg få takka alle foreldre som har lagt ned mykje arbeid i drifta av korpset så eg kan konsentrera meg om musikken. Mange oppgåver skal fyllast for å få det til å sviva; planlegging, baking, sying, sal, rydding, fotografering, skriving, filming, kjøring og mykje meir. Engasjementet dokkas gjer eit signal til ungane om at korpset er noko det er verd å bruka tida på, eit miljø det er kjekt å vera ein del av.

Planlegginga for neste år er i full gang. Korpset skal delta i underholdningskonkurransen Stavanger open i november. KM for skulekorps våren 2012 er eit anna mål. Vidare har styret og turkomiteen lova oss utanlandstur, så me ventar i spenning!
Eg ser fram til eit nytt korpsår med Tu skulekorps!

Helsing frå Bjørg


      

 Sponsorer Minimer




 DatabaseForum as - Utvikling/drift av websidene til Tu skulekorps

Team Bygg


      

© 2008 DatabaseForum